Klargjør siden...
Annonse

Datatilsynet vil granske fråværsreglane

(NPK-NTB): Datatilsynet meiner dei nye fråværsreglane i den vidaregåande skulen bryt med personvernet på fleire punkt. – Vi vil no ta ei nærare vurdering av saka, seier direktør Bjørn Erik Thon til Dagsavisen.

I rundskrivet frå Utdanningsdirektoratet til skulane står det at fråvær av helsegrunner i utgangspunktet må bli dokumentert med legeerklæring «eller med dokumentasjon frå annan sakkunnig, som for eksempel fysioterapeut, tannlege eller psykolog, medrekna Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk».

– I praksis betyr dette at skulen og lærarane får tilgang på mange fleire helseopplysningar enn dei har gjort tidlegare. Når erklæringa i tillegg skal bli gitt av den eleven har vore hos; enten det er psykolog, gynekolog eller ortoped, seier det seg sjølv at det kan komme fram opplysningar som eleven slett ikkje ønskjer at kontaktlærar eller rektor skal vite om, seier Thon til avisa.

Han vil ikkje ta stilling til om dei nye fråværsreglane er lovlege eller ei av dei nye fråværsreglane, men seier likevel:

– Dette bryt med personvernet og er eit brot med prinsipp i personopplysningslova. Vi vil no ta ei nærmare vurdering av saka. (©NPK)