ANNONSE
Annonse

Davidova vann supersprinten på Blink-festivalen – Knotten på 2.-plass

Marketa Davidova frå Tsjekkia skaut fire bom, men avgjorde til sin fordel på supersprinten i skiskyting under Blinkfestivalen fredag.

Davidova skaut tre bom på første skyting og éin på den andre. Deretter kom to fulle hus, og ho vann på tida 15.26,4. Ned til Karoline Knotten var avstanden 4,7 sekund, som på si side måtte nøye seg med tre bom.

Franske Julia Simon skaut fem bom, men sikra 3.-plassen. Ho hadde 8,8 sekund opp til vinnaren frå Tsjekkia.

Ingrid Landmark Tandrevold vart nest beste norske på 4.-plass. Ho hadde fire bom og kom 9,4 sekund bak.

Marte Olsbu Røiseland surra det til på første skyting og pådrog seg fire bom der og fem totalt. Ho hamna nede på 13.-plass av 15 startande og var 48 sekund bak sigerskvinna.

(©NPK)

Marketa Davidova under sesongopninga på Sjusjøen sist vinter. Foto: Geir Olsen / NTB.

ANNONSE
Annonse