Annonse

Klart for palestinske val i mai og juli – for første gong på 15 år

Det skal haldast val i dei palestinske områda i mai og juli, for første gong på 15 år, opplyser den palestinske presidenten Mahmoud Abbas.

Annonse

Presidentkontoret opplyser fredag at det blir parlamentsval 22. mai og presidentval i slutten av juli.

Abbas' Fatah-parti og Hamas vart i fjor haust samde om å halde val i 2021. I 15 år har Hamas kontrollert Gazastripa, medan den meir sekulære Fatah-rørsla leier dei palestinske styresmaktene på den okkuperte Vestbreidda.

Valet i 2005 var det førre presidentvalet i dei palestinske områda. Året etter vart det halde eit parlamentsval som vart vunne av Hamas. Det førte til ei djup politisk splitting, og både Hamas og Fatah oppretta eigne regjeringar.

Kan bli Hamas-president

Hamas har ikkje kommentert nyheita om at det blir val til sommaren, men den politiske leiinga i rørsla sa seg i haust samd i at det var på tide å halde felles val igjen.

Ei meiningsmåling utført av Palestinian Center for Policy and Research i fjor, viste at den politiske leiaren for Hamas, Ismail Haniyeh, ligg an til å slå Abbas i presidentvalet til sommaren.

Semja om å halde felles val vart oppnådd under møte mellom partane i Tyrkia i fjor.

– Har skadd saka vår

– Splitting har gjort skade på den nasjonale kampsaka vår, og vi arbeider med å få ein slutt på det, sa den høgtståande Hamas-tenestemannen Saleh al-Arouri i september.

Ei rekkje forsøk har vorte gjort på å forsone Fatah og Hamas etter 2006-valet og dei blodige samanstøytane på Gazastripa året etter.

I 2012 inngjekk partane ein fangeutvekslingsavtale. To år seinare fekk dei ei samlingsregjering på plass, men ho sat ikkje lenge.

(©NPK)

Palestinas president Mahmoud Abbas saman med utanriksminister Ine Eriksen Søreide under eit besøk til Oslo i 2019.
Foto: Heiko Junge / NTB