Annonse

Dei norske hopparane komfortabelt vidare til storbakkerennet på laurdag i VM

Robert Johansson, Johann André Forfang, Halvor Egner Granerud og Andreas Stjernen hadde som venta ingen problem med å avansere i kvalifiseringa på fredag.

Annonse

Andreas Stjernen vart Noregs beste med eit hopp på 122,5 meter. Det resulterte i 128,3 poeng og ein 7.-plass.

Markus Eisenbichler frå Tyskland var best i kvalifiseringa med 143,2 poeng. Landsmannen Karl Geiger på 2.-plass hoppa lengst med 131 meter.

Alle av dei norske utøvarane var venta å gå vidare til rennet på laurdag og gjorde nettopp det. Berre ti av dei 60 i kvalifiseringa må sjå rennet frå tribuneplass.

Halvor Egner Granerud ville ikkje vere noko dårlegare enn Stjernen. Asker-guten hoppa akkurat like langt og fekk same stilkarakterar som trønderen. Likevel hadde 22-åringen betre forhold og måtte følgjeleg ta til takke med 12.-plass, fire poeng bak lagkameraten.

Johann André Forfang fekk det ikkje heilt til å klaffe fredag og landa på 114 meter. Det var 13 meter kortare enn treningshoppet. Tromsøværingen kvalifiserte seg likevel med klar margin og enda på 25.-plass.

Også Robert Johansson sleit i tunge forhold. Lillehamringen var svakast av dei norske med eit hopp på 110,5 meter, men er likevel klar for storbakkerennet på laurdag med ein 32.-plass.

(©NPK)

Andreas Stjernen vart beste nordmann i kvalifiseringa til storbakkerennet i VM i Seefeld. Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix