Annonse

Den dopingtekne varslaren Johannes Dürr risikerer lang tid i fengsel

Johannes Dürr vart sjølv dømd for bloddoping, men bidrog òg til å få dopinga under ski-VM i Seefeld fram i lyset. No kan det bli fengsel på han.

Annonse

Langrennsløparen vart teken i samband med OL i Sotsji i 2014 og vart utestengd i fire år. Tidlegare i år vart tilståinga hans startskotet til dopingskandalen som vart rulla opp under ski-VM i Seefeld sist februar. Der vart fem løparar tekne mistenkte for bloddoping.

Dei første innrømmingane kom Dürr med i eit program på tysk TV.

Torsdag vart det kjent at også Dürr sjølv er sikta for alvorleg bedrageri. Påtalemakta i Austerrike skriv at den 32 år gamle Dürr òg skal ha hjelpt andre med å dope seg.

Dürr risikerer inntil fem års fengsel.

I oktober vart Johannes Dürr utestengd frå all idrett på livstid, mellom anna fordi han har forsynt andre idrettsutøvarar med dopingmiddel og veksthormon.

(©NPK)

Bloddopinga under VM i Seefeld sist vinter skjedde inne på Hotel Bergland. Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix.