Annonse

Den norske krona svakast mot euro sidan finanskrisa

Den norske krona har ikkje vore svakare mot euro sidan finanskrisa. Onsdag morgon kosta ein euro 10,13 kroner.

Annonse

Krona har ikkje vore svakare mot euro sidan botnrekorden på 10,17 kroner under finanskrisa i 2008, skriv E24. Krona svekte seg samtidig til 9,18 kroner mot dollar, noko som er det svakaste på 18 år.

- Kronesvekkinga fortset, og vi ser for oss at det vil bli ny «all time high» denne hausten, seier valutastrateg Kjetil Martinsen i Swedbank.

Han trur handelskrigen mellom USA og Kina for augneblinken har meir å seie for svekkinga av krona enn brexit. Han grunngir det med at handelskrigen bremsar den globale veksten og etterspørselen etter olje.

Euroen har styrkt seg etter at Tysklands statsminister Angela Merkel har opna for å bruke finanspolitikken meir aktivt for å demme opp for svak vekst, skriv Nettavisen. Svekkinga av krona det siste døgnet kjem derfor vel så mykje av ein sterk euro som ei svak krone, meiner valutaekspert Joackim Bernhardsen i Nordea.

- Det verste er ikkje over. Eit usikkert geopolitisk klima med handelskrig, brexit og risikoaversjon i marknaden gir eit dårleg klima for den norske krona, seier Bernhardsen.

Utviklinga skil seg frå finanskrisa, då krona styrkte seg raskt igjen.

- No har krona lenge vore på rundt 9,50 og på 10-talet mot euro. Denne utviklinga kjem av ein meir vedvarande geopolitisk situasjon, seier Bernhardsen.

(©NPK)

Den norske krona har ikkje vore svakare mot euro sidan botnrekorden under finanskrisa i 2008. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix