Den nye EU-kommisjonen blir ein månad forseinka

Den nye EU-kommisjonen skulle etter planen ta over styringa av unionen 1. november, men må vente ein månad.

Det kom ikkje som noka overrasking at gruppeleiarane i EU-parlamentet onsdag fastslo at kommisjonen ikkje vil vere klar i tide.

- Parlamentet er villige til å stemme i tide til at kommisjonen kan starte 1. desember og ber om rask oppnemning av tre nye kandidatar, skriv kommunikasjonssjefen til parlamentet Jaume Duch Guillot på Twitter etter møtet på onsdag.

Tre av dei nominerte kommissærane til påtroppande kommisjonspresident Ursula von der Leyen vart avviste av EU-parlamentet. Kandidatane til Ungarn og Romania kom ikkje over første hinder: den juridiske komiteen til parlamentet kom fram til at dei hadde økonomiske bindingar som ikkje var mogleg å foreine med vervet.

Franske Sylvie Goulard vart avvist etter to høyringsrundar - det vanlege er at det held med éi - i parlamentskomiteane som dekker fagfelta hennar. Mange i parlamentet hadde vanskeleg for å akseptere ein kandidat som måtte trekke seg frå ein ministerpost då ho vart granska for misbruk av midlar frå nettopp EU-parlamentet.

Von der Leyen har bedt dei tre landa komme opp med nye kandidatar. Sidan to av dei som vart avviste er kvinner, kan dette rokke ved ambisjonane til den påtroppande sjefen om full kjønnsbalanse i «Regjeringa i EU».

EU-parlamentet må godkjenne komiteen før den kan tiltre.

(©NPK)

Ursuala von der Leyen og den nye kommisjonen hennar skulle etter planen ta over leiinga av embetsverket i EU 1. november, men må vente ein månad til. Arkivfoto: Jean-François Badias / AP / NTB scanpix