Annonse
Annonse

Den svenske utanriksministeren: Å refse koranbrenning er ikkje å krype for Tyrkia

Ein må kunne kan kritisere brenning av heilage skrifter utan at det er å krype for Tyrkia, meiner Sveriges utanriksminister Tobias Billström.

Annonse

Den svenske utanriksministeren set brenninga av Koranen i Stockholm den siste veka i samanheng med Sveriges anstrengingar for å bli medlem av Nato. Koranbrenninga har vekt sterke reaksjonar mellom anna i Tyrkia, den sterkaste opponenten i Nato mot svensk medlemskap.

Fleire land har reagert, blant dei Finland, som har karakterisert koranbrenninga som «ei belasting på ferda mot svensk og finsk NATO-medlemskap», ifølgje Tobias Billström. Å gjennomføre slike aksjonar forbetrar ikkje situasjonen i søknadsprosessen, understreka han på ein pressekonferanse tysdag kveld.

– Sjølvsagt står vi for ytringsfridommen, men ein må kunne ha to tankar i hovudet samtidig. Ein må kunne forsvare ytringsfridommen og samtidig kritisere at det blir brent heilage skrifter for å provosere og splitte.

(©NPK)

Annonse