Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-AFP): Samtidig som Michel Platini ankar utestenginga på seks år til Idrettens valdgiftsrett (CAS), ber den tyske fotballpresidenten franskmann trekkje seg som toppleiar i Uefa.
npk@npk.no
Publisert: 02.03.2016 kl 13:45
– I augneblinken har ikkje Det europeiske fotballforbundet (Uefa) nokon leiar i to av dei aller viktigaste posisjonane. Platini kan ikkje verke som president fordi han er utestengd, mens generalsekretær Gianni Infantino er valt til president i Fifa, slår Reinhard Rauball fast. Han er mellombels president i Det tyske fotballforbundet.
Han ønskjer at Uefa kan få moglegheita til å diskutere – og velje – ny Uefa-president allereie på kongressen i Budapest 3. mai.
– Vi står framfor eit fotball-EM til sommaren. Det er ei rad saker og ting som må førebuast, og som det må bli semje om, seier Rauball. Han legg til at det er viktig å komme i gang med å få på plass ein president i Uefa, for no verkar organisasjonen heilt utan styring og toppleiing.
Onsdag vart det også bekrefta frå CAS at det er komme ei anke frå Platini. Den går på utestenginga på seks år frå all fotball. Tidlegare FIFA-president Sepp Blatter er også utestengd for like lang tid. Årsaka er ei utbetaling på vel 17 millionar norske kroner frå Blatter og Fifa til Platini, visstnok som betaling for arbeid franskmannen skal ha gjort for Fifa rundt tusenårsskiftet. Han fekk pengane overført i 2011. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.