Deportasjonsmonumentet i Oslo freda

Monumentet «Et sted for erindring» på Akerhuskaia er freda av Riksantikvaren. Fredinga skjer i samband med 80-årsmarkeringa av jødedeportasjonen.

Laurdag 26. november er det er det 80 år sidan DS Donau sette kursen mot Tyskland med 529 norske jødar om bord. Til saman vart 773 jødar sende frå Noreg til utsletting i løpet av andre verdskrigen. Berre 34 av dei overlevde holocaust.

Minnesmerket ved Akershuskaia vart sett opp i 2000 og består av åtte ordinære matstovestolar i stål. Dei er plasserte både samla og kvar for seg, og representerer både familiar, par og dei som var åleine. Stolane liknar alminnelege pinnestolar som var vanlege i norske heimar på 1940- talet, men dei manglar sete.

Riksantikvarens freding av deportasjonsmonumentet blir gjord i samarbeid med Det mosaiske trussamfunnet, Jødisk museum, Oslo kommune og den statlege etaten Kunst i offentlege (KORO), og er eit ledd i Riksantikvarens satsing på jødiske kulturminne.

På sjølve fredingsmarkeringa torsdag stilte både statssekretær Alexander Øren Heen frå Klima- og miljødepartementet, riksantikvar Hanna Geiran, Oslo-ordførar Marianne Borgen, forstandar Ervin Kohn i Det mosaiske trussamfunn og direktør Sigurd Sandmo frå KORO.

Av respekt for sabbaten på laurdag vart fredingsmarkeringa gjennomført torsdag, saman med resten av markeringa. Seinare torsdag ettermiddag finn det også stad ei markering i Oslo rådhus beståande av kulturelle innslag, taler og ein panelsamtale. Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og rabbinar Michael Melchior taler. Programmet elles er ei blanding av kulturelle innslag, taler og samtaler.


(©NPK)

F.v. forstandar Ervin Kohn i Det mosaiske trussamfunnet, riksantikvar Hanna Geiran, ordførar Marianne Borgen og statssekretær Alexander Øren Heen frå Klima- og miljødepartementet. Torsdag deltok dei på Riksantikvarens fredingsmarkering av minnesmerket «Et sted for erindring» på Akerhuskaia. Monumentet er til minne om dei 773 norske jødane som vart deporterte under krigen.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

Markering i samband med at Riksantikvaren fredar deportasjonsmonumentet «Et sted for erindring» på Akerhuskaia. Monumentet er til minne om dei 773 norske jødane som vart deporterte under krigen. I dag blir det markert over heile Noreg at det er 80 år sidan jødedeportasjonane byrja i Noreg.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

Riksantikvaren fredar deportasjonsmonumentet «Et sted for erindring» på Akerhuskaia. Fredinga vart gjord på grunn av det på laurdag er 80 år sidan SA Donau segla ut frå Oslo hamn med dei første norske jødane som skulle til Tyskland. Monumentet er til minne om dei 773 norske jødane som vart deporterte under krigen. Berre 34 av dei overlevde.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

Annonse