Klargjør siden...
Annonse

Det går ikkje alltid eit tog til helgen

(NPK-NTB): Denne helga stoppar mykje av togtrafikken i Noreg opp på grunn av arbeid på seks banestrekningar.

Helgen 24. og 25. september utfører Jernbaneverket arbeid på Dovrebanen, Hovedbanen, Østfoldbanen, Bergensbanen, Follobanen og Sørlandsbanen, skriv Jernbaneverket på sine nettsider.

Dei skriv at det er ein variert og arbeidskrevjande meny som skal utførast på dei seks banestrekningane, og arbeida vil føre til redusert tilbod.

– Passasjerar bør sjekke detaljar for sine reiser på stasjonane, mobilapplikasjonar eller nsb.no, skriv Jernbaneverket. (©NPK)