Det nærmar seg VM-avklaring for Carlsen

Det er framleis uklart kor Magnus Carlsen speler VM-kampen neste år. Sjakkforbundet FIDE lovar ei avgjerd innan 1. november.

Noreg var aktuell som VM-arrangør, men Stavanger trekte søknaden sin tidlegare i år. Carlsen ønskte ikkje å spele der.

Team Carlsen ville at meisterskapen skulle bli spelt i Oslo eller Bærum. Då kunne verdsmeisteren bu i «heimlege omgivingar». Subsidiært kunne Carlsen-leiren gå med på ei todelt løysing, der halvparten vart spelt i Stavanger og halvparten i Oslo-området.

- FIDE vurderer alle alternativ. Det finst interesse frå fleire byar og forbund. Vi kjem med ei offisiell fråsegn innan 1. november. Før det vil vi ikkje dele noko informasjon, seier Emil Sutovsky til NTB.

Han er generaldirektør i FIDE. Det er omfattande krav til VM-arrangøren.

Tidlegare melde Wien, Monte Carlo og St. Petersburg interessa si for VM-duellen. Den austerrikske hovudstaden skal no vere ute av bildet.

VM-kampen går over best av 14 parti og blir truleg spelte i november neste år.

Carlsen har vunne VM-kampen dei fire siste gongene: Chennai (2013), Sotsji (2014), New York (2016) og London (2018).

VM-motstandaren til Carlsen blir klar etter den såkalla kandidatturneringa i mars og april. Han blir spelt i Jekaterinburg (Russland) og har åtte deltakarar. Vinnaren får sjansen mot Carlsen.

Nordmannen speler for tida ei turnering på Isle of Man.

(©NPK)

Magnus Carlsen etter VM-tittelen i sjakk i 2018. Då gjekk kampen i London. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix