Det norske oljeselskap og BP Norge slår seg saman

(NPK-NTB): Det norske oljeselskap ASA og BP Norge fusjonerer. Det nye selskapet får namnet Aker BP ASA.

Fusjonen inneber at Det norske, der Aker ASA er største eigar med 49,99 prosent av aksjane, kjøper opp BPs verksemd i Noreg. Dei viktigaste eigarane av Aker BP ASA blir Aker ASA og BP.

– Vi er stolte av at BP har valt å slå seg saman med Aker for å gjere Det norske til eit leiande uavhengig offshore E & P-selskap, seier Akers styreleiar Kjell Inge Røkke i ei pressemelding. (©NPK)