Annonse

Det spanske kongeparet på uventa Cuba-besøk

Det spanske kongeparet kjem tysdag til Cuba for å delta i markeringa av 500-årsjubileet i landet. Kongebesøket er det første i historia.

Annonse

Kong Felipe og dronning Letizia skal laurdag delta i feiringa av at det i november er eit halvt tusenår sidan den cubanske nasjonen vart grunnlagd i 1519.

Trass i at Cuba var ein av dei siste spanske koloniane som vart frigjorde, i 1898, har ingen spansk konge besøkt den karibiske øya før.

Sur kontekst

Det litt uventa besøket skjer i ei tid der forholdet mellom Cuba og USA har vorte kraftig forsura under presidentskapet til Donald Trump.

Trumps forgjengar Barack Obama heva mange av sanksjonane mot Cuba, noko Trump etter beste evne har prøvd å reversere.

Trump skuldar dei cubanske styresmaktene for å undertrykkje folket sitt og for å støtte Venezuelas omstridde leiar Nicolás Maduro militært. Så seint som førre månad kunngjorde Washington stans i alle flygingar til Cuba, bortsett frå til Havanna. Likevel går det meste av flytrafikken mellom USA og Cuba til den cubanske hovudstaden.

Dei amerikanske sanksjonane går likevel hardt ut over den cubanske økonomien.

Protest

For Cuba er Spania den tredje største økonomiske partnaren etter Kina og Venezuela, og kongebesøket kan tolkast som ein protest mot USA, meiner Raynier Pellon ved Senter for internasjonal politikk i Havanna.

- I lys av den politiske trakasseringa frå Trump-administrasjonen, kan reisa til kongeparet bli sett som ei støtte til det økonomiske, politiske og kulturelle samarbeidet mellom Cuba og Spania, seier han.

Spanias utanriksminister Josep Baroll, som er med i følgjet til kongeparet, skulda Trump-administrasjonen i mai for maktmisbruk etter at USA gav eksilcubanarar grønt lys til å saksøkje den cubanske staten og private selskap for tap av eigedom under den cubanske revolusjonen i 1959.

(©NPK)

Spanias kong Felipe og dronning Letizia kom måndag kveld til Havanna. Det er første gong eit spansk kongepar besøkjer Cuba. Foto: AP / NTB scanpix

Cuba slit med forfall og stor fattigdom, 500 år etter at landet vart erklært som nasjon. Under Donald Trump har USA forsterka sanksjonane mot landet. Foto. AP / NTB scanpix