Annonse

DHFs representantskap stadfesta gull- og nedrykksvedtak

Det øvste organet i Danmarks Håndballforbund (DHF) har stadfesta den opphavlege avgjerda om å fordele nedrykk, opprykk og seriemeisterskap.

Annonse

Dermed ser det ut til at det likevel blir eit såkalla «skrivebordsnedrykk» for Nordsjællands herrelag og Aalborgs kvinnelag frå eliteserien.

Men kaoset i dansk topphandball er ikkje over heilt enno.

For parallelt med at klubbane Nordsjælland, Aalborg og Odder (førstedivisjon menn) anka den opphavlege avgjerda inn til handballens eigen ankeinstans – der dei fekk medhald – anka dei òg saka inn til ankeinstansen i Danmarks idrettsforbund.

Der er saka så langt ikkje avgjort.

Bakgrunnen for saka er at ein valde å stoppe handballsesongen i starten av april på grunn av koronavirusutbrotet. Då bestemde eit utval i DHF seg for å tildele seriemeisterskap til Aalborg (menn) og Esbjerg (kvinner) og samtidig sende Nordsjælland og Aalborg ned til førstedivisjon.

(©NPK)

Kristine Breistøl (t.v.) og Sanna Solberg-Isaksen (midten) ligg an til å bli danske seriemeistrar med Esbjerg, men kaoset er enno ikkje heilt over.
Foto: John Randeris / Ritzau scanpix / NTB scanpix