Annonse

Diego Maradona er død

Den argentinske fotballegenda Diego Maradona er død, melder den største avisa i landet Clarin. Han fylte nyleg 60 år.

Avisa skriv at han vart ramma av hjartestans i huset i der han oppheldt seg i Tigre nord for Buenos Aires etter at han nyleg vart utskriven frå sjukehus der han vart operert for ei hjernebløding.

Det har sidan vorte meldt at han skulle gjennomgå behandling for alkoholavhengnad.

Ein talsmann for Maradona stadfestar overfor nyheitsbyrået at 60-åringen er død.

Maradona blir rekna som ein av tidenes beste fotballspelarar, om ikkje den beste. Han var kaptein då Argentina vann VM i 1986. Han spelte mellom anna for Barcelona og Napoli, i tillegg til Argentinos Juniors og Boca Juniors i heimlandet.

Trenarkarrieren hans var langt frå like suksessrik som spelarkarrieren hans, men han var i ein periode Argentinas landslagssjef. Den siste trenarjobben hans var for Gimnasia de La Plata.

(©NPK)

Den argentinske fotballegenda Diego Maradona er død. Dette bildet blei tatt tidlegare i år. Foto: Natacha Pisarenko, AP / NTB