Discovery set pengespelreklame på pause

Etter vedtaket til medietilsynet har Discovery bestemt seg for å ikkje sende pengespelreklame på kanalane sine Fem, MAX, Vox og Eurosport Norge.

Vedtaket frå medietilsynet inneber at TV-distributørane Telenor, Telia, Altibox, RiksTV og Allente må stanse pengespelreklame på Discoverys TV-kanalar innan 15. august, skriv Kampanje.

Både Altibox og Telia har klaga på vedtaka, utan å få medhald hos Medietilsynet. Klagene er derfor sende vidare til Medieklagenemnda.

Operativ leiar i Warner Bros. Discovery Noreg, Espen Skoland, varslar no at dei pausar pengespelreklame på TV-kanalane sine.

– Pålegget frå Medietilsynet om ikkje å vise spelereklame på enkelte kanalar rettar seg mot distributørane, ikkje mot oss. Vi vil inntil vidare likevel pause denne typen reklame, i tråd med tilsynsvedtaket, seier Skoland.

Direktør for juridisk og regulatorisk avdeling i Medietilsynet, Hanne Sekkelsten, seier at nyheita er svært gledeleg.

(©NPK)

Discovery pausar pengespelreklame på kanalane Fem, MAX, Vox og Eurosport Norge. Foto: Terje Bendiksby / NTB

ANNONSE
Annonse