Annonse

Djokovic og Nadal enkelt vidare i Roland-Garros

Tennisstjernene Novak Djokovic og Rafael Nadal trong begge berre tre sett på å overvinne motstandarane sine i 3. runde av Grand Slam-turneringa Roland-Garros.

Det betyr at dei er ein siger kvar unna å møte kvarandre til ein svært stjernetung kvartfinale

Med siffera 6-3, 6-3, 6–2 gjorde verdseinar Djokovic kort prosess med slovenske Aljaz Bedene. I åttedelsfinalen ventar 15.-seeda Diego Schwartzman (Argentina) som slo Grigor Dimitrov (18.-seeda) i tre strake sett med siffera 6-3, 6-1, 6–2.

Nadal på si side slo nederlandske Botic van de Zandschulp 6-3, 6-2, 6–4 og møter canadiske Felix Auger-Aliassime i åttedelsfinalen. Canadiaren er seeda som nummer ni i Paris.

Nadal har vunne Roland-Garros 13 gonger, og er mestvinnande herrespelar på Grand Slam-nivå med dei 21 titlane sine.

Djokovic står med 20 triumfar på det øvste nivået til tennissporten.

Casper Ruud møter italienske Lorenzo Sonego i 3. runde laurdag. Nordmannen har aldri før avansert til åttedelsfinale i Grand Slam-samanheng.

(©NPK)

Novak Djokovic tok seg fredag enkelt vidare til åttedelsfinalen i Roland-Garros. Foto: Thibault Camus / AP / NTB