Annonse

DNB aukar renta på bustadlån

Storbanken DNB er den første som aukar renta på bustadlån etter at Noregs Bank heva styringsrenta torsdag.

Annonse

Torsdag sette Noregs Bank opp styringsrenta med 0,25 prosentpoeng. No følgjer DNB etter og set opp renta på bustadlån med 0,25 prosentpoeng.

- Dei siste åra har rentene i Noreg vore rekordlåge, og ei aukande styringsrente frå den norske sentralbanken er eit teikn på at det framleis går bra med norsk økonomi. Dette har effekt på bustadlånsrentene, som er grunnen til at dei no blir sette opp. DNB vil halde fram med å tilby konkurransedyktige lånevilkår, seier Ingjerd Blekeli Spiten, konserndirektør for personmarknaden i DNB.

Kundane som får rentesatsen sin justert, vil bli gitt informasjon via nettbanken eller brev. For desse kundane vil rentejusteringane tre i kraft frå 7. november.

(©NPK)

DNB er Noregs største bank. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix