Annonse

DNB må etterforskast etter skuldingar om kvitvasking, meiner ekspertar

Ekspertar på korrupsjon og kvitvasking meiner Økokrim må etterforske DNBs rolle i saka der eit islandsk fiskeriselskap blir skulda for korrupsjon.

Annonse

- Dette verkar å vere ein kvitvaskingsskandale av enorme dimensjonar, og saka er svært alvorleg for DNB. Frå det som er kjent så langt, kan det sjå ut til at det er snakk om klare brot på kvitvaskingslova, seier Sigrid Klæboe Jacobsen, dagleg leiar i Tax Justice Network Norge.

- Det er klart at Økokrim må etterforske DNBs rolle i denne saka. Det bør òg setjast i gang ei større gransking av om DNB har god nok kontroll på eigarskapen til kundane sine, slik dei er forplikta til etter lova, seier Jacobsen til NTB.

Organisasjonen arbeider mellom anna mot hemmeleghald i skatteparadis og i finansielle transaksjonar.

Økokrim held tett

Saka vart først kjent i islandske medium tysdag. Dokument frå WikiLeaks viser at meir enn 640 millionar kroner vart slusa frå den islandske fiskerigiganten Samherji gjennom bankkontoar i DNB via eit postboksselskap i skatteparadiset Marshalløyane til Namibia. Det er mistankar om at ein del av pengane kan ha vorte brukte til å bestikke tenestemenn i Namibia i byte mot fiskekvotar. Ifølgje DN har òg rundt 32 millionar kroner knytt til det same sakskomplekset gått via DNB til eit postboksselskap i Dubai.

Jussprofessor Jon Petter Rui ved Universitetet i Tromsø meiner òg at Økokrim må etterforske saka, skriv DN. Rui leidde utvalet som utarbeidde ei ny kvitvaskingslov.

- Det er utan sidestykke den største saka som har ramma ein bank i Noreg, uttalte han til avisa onsdag.

Korrupsjonsekspert og NHH-professor Tina Søreide seier til avisa at ho meiner ei etterforsking frå Økokrim ville vore fornuftig i ei så alvorleg sak, for å avklare fakta.

Økokrim gir dette svaret på spørsmål om ei eventuell etterforsking av DNB:

- Økokrim er kjent med saka, men når og korleis vi vart merksame på ho kan eg ikkje å seie noko om. Generelt bruker Økokrim verken å stadfeste eller avkrefte om vi har fått melding om eller etterforskar ei sak, skriv førstestatsadvokat Trude Stanghelle i ein e-post til NTB.

- DNB har svikta

Tax Justice Network Norge seier saka er urovekkjande av fleire årsaker.

- For det første har DNB påstått at dei har styrkt anti-kvitvaskingsarbeidet sitt og sett inn store krefter på det. Trass i dette har ikkje DNB på eigen kjøl oppdaga og stansa desse utbetalingane, sjølv om varsellampene burde ha blinka. Her er det snakk om skatteparadis, store beløp over lang tid og uklare eigarforhold, noko som burde ha reist nokre raude flagg, seier Sigrid Klæboe Jacobsen.

- Viss slike transaksjonar ikkje var nok til at kontrollmekanismane i DNB sjølv fanga opp og kasta ut kunden, så lurer eg på kva anna som går under radaren, seier Jacobsen.

Ho meiner bankane ofte gøymer seg bak at selskapsstrukturar og eigarskapsstrukturar har vorte for kompliserte.

- Men bankane har eit særleg ansvar. Dei skal vere portvakter og hindre kriminalitet, og det kan synast som DNB har svikta i denne saka, seier Jacobsen.

Ho etterlyser større konsekvensar for dei som legg til rette for transaksjonar som viser seg å vere kriminelle.

- Tilretteleggjarar som bankar og advokatar har som regel sloppe billeg unna i slike saker. Viss denne saka er så stor og alvorleg som ho ser ut, så må leiinga ta ansvar og vise at det får konsekvensar. I tillegg må norske styresmakter gjere sine eigne granskingar for å avdekkje om DNB-leiinga, men også Økokrim og Finanstilsynet, har gjort jobben sin, seier Jacobsen.

DNB: - Forstår spekulasjonane

DNB skriv i ein e-post til NTB at dei er samde med Tax Justice Norway i at bankane har ei viktig samfunnsrolle i å kjempe mot økonomisk kriminalitet.

- Derfor har DNB og andre norske bankar satsa store ressursar på nettopp dette området dei siste åra, skriv informasjonsdirektør Even Westerveld.

- Vi ser at ekspertane spekulerer i kva som har skjedd, basert på det dei har lese i media. Rolla vår er å overvake betalingar og rapportere mistenkjeleg informasjon til politiet. Vi melder inn over tusen slike saker i året. Detaljar i enkeltsaker får sjølvsagt styresmaktene innsikt i når dei spør om det, men vi har ikkje lov til å fortelje det til media, skriv Westerveld.

Samherji er det største fiskeindustriselskapet på Island. Selskapet varsla torsdag at toppsjefen Thorsteinn Már Baldvinsson mellombels går av medan den interne granskinga av skuldingane blir etterforska.

I ei pressemelding tysdag skriv Samherji at det ser ut som ein tidlegare tilsett åleine har stått bak dei påståtte bestikkingane.

Samhjeris pressekontakt Margrét Olafsdóttir seier til NTB at dei ikkje ønskjer å kommentere saka fredag, og viser til tidlegare utsegner lagt ut på nettsida til selskapet.

(©NPK)

Ekspertar på korrupsjon meiner Økokrim må etterforske DNB etter at den islandske fiskerigiganten Samherji er skulda for korrupsjon og for å ha overført pengar til skatteparadis gjennom kontoar i DNB. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix