Annonse

DNB og Sparebank 1 set opp bustadlånsrenta

DNB var først ute med å auke renta på bustadlån etter at Noregs Bank heva styringsrenta med 0,25 prosentpoeng. Like etter følgde Sparebank 1 Austlandet etter.

- Etter ein lang periode med historisk låge bustadlånsrenter er det ikkje overraskande at rentene no er på veg opp, seier konsernsjef for personmarknaden i DNB, Ingjerd Blekeli Spiten, i ei pressemelding.

Ho understrekar at renteauken frå Noregs Bank ikkje kom overraskande.

- Derfor trur vi dei fleste låntakarane er førebudde på dette, seier ho.

Endringa for eksisterande DNB-kundar vil tre i kraft frå 4. november etter at Noregs Bank torsdag heva styringsrenta frå 0,5 til 0,75 prosent.

Det var første gong på over sju år at sentralbanken sette opp renta.

Klatreetappar

Fredag ettermiddag varsla også Sparebank 1 Austlandet at banken aukar rentene på innskot og lån med i hovudsak 0,25 prosentpoeng. Bustadlån for unge blir auka med i hovudsak 0,2 prosentpoeng, ifølgje personmarknadsdirektør Kari Gisnås.

- Etter sju år med fallande og svært låge renter startar no klatreetappane. Dei vil komme pent og forsiktig, seier ho i ei pressemelding, og oppfordrar folk til å auke sparinga.

For nye lån gjeld dei nye prisane frå onsdag 26. september. For innskot og for eksisterande lån gjeld dei nye prisane frå 11. oktober for bedriftsmarknadskundar og frå 8. november for bustadlåns- og personmarknadskundar.

Dyrare å låne inn pengar

Spiten i DNB seier det er mange faktorar som påverkar rentene kundane betalar på bustadlånet sitt, blant anna pengemarknadsrenta.

- Det har lenge vore forventa at Noregs Bank ville auke styringsrenta på rentemøtet 20. september, blant anna på bakgrunn av dei signala sentralbanken sjølv har gitt. Dette har gitt seg utslag i auka pengemarknadsrenter over noko tid, seier ho.

Ny beste rente hos DNB blir no 2,30 prosent til førstegongs bustadkjøparar og kundar med såkalla grønt bustadlån.

Ber kundar bytte bank

Det er normalt at bankane set opp sine utlånsrenter i kjølvatnet av renteheving frå sentralbanken. Forbrukarrådet meiner likevel at folk som allereie betaler 3 prosent rente eller meir på bustadlånet sitt, ikkje bør godta høgare rente.

- Dei bør heller vurdere å flytte lånet, sa fagansvarleg for Finansportalen hos Forbrukarrådet, Elisabeth Realfsen, til NTB torsdag.

Ho viste til at bankane allereie har tent godt på rentenedsettingane i Noregs Bank frå 2016.

- Sidan då har fortenesta til dei største bankane på bustadlån vore så høg at dei fint toler ei litt høgare rente i pengemarknaden utan å sette opp prisane til kundane, sa Realfsen.

Dagen etter at Noregs Bank heva styringsrenta, varsla DNB høgare rente på sine bustadlån. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix