DNB råka av koronatap, men leverer sterkare enn venta

Resultatet til DNB for andre kvartal enda i overkant av 5 milliardar kroner. Ein nedgang frå i fjor, men klar forbetring frå første kvartal og betre enn venta.

Konsernsjef Kjerstin Braathen i DNB seier at situasjonen framleis er utfordrande for mange, men at norsk økonomi landar på beina, og at ting ser lysare ut enn dei gjorde i slutten av førre kvartal på ei rekkje område.

– Dette er mellom anna tilfelle for tilliten til forbrukarane, eigedomsmarknaden, personleg forbruksnivå, sysselsetjingsgrad og oljepris, seier ho i ei pressemelding i samband med kvartalsresultatet.

Resultatet i perioden frå april til juni enda på 6,3 milliardar kroner før skatt, eller rett i overkant av 5 milliardar kroner etter skatt. Resultatet var ein nedgang på 1,1 milliard kroner etter skatt samanlikna med same kvartal i fjor, men langt betre enn spådommar frå analytikarar.

Mellom anna venta Infront eit resultat etter skatt på berre 2,1 milliardar kroner, ifølgje E24.

Høge utlånstap

Tapet på utlån for andre kvartal enda på 2,1 milliardar kroner. Det meste av dette kan relaterast til uvisse knytt til koronapandemien. Også i første kvartal hadde DNB høge utlånstap, og tapa i andre kvartal er langt lågare enn dei var i første kvartal.

Ein stor del av tapsavsetningane er innan oljerelaterte næringar, der banken har sett til side 1,9 milliardar kroner, som utgjer 88 prosent. For bedrifts- og personkundar er tapa låge.

– Marknadsforholda vil halde fram med å vere utfordrande for nokre bransjar, som offshoreindustrien, i tida framover, seier Kjerstin Braathen.

Ho understrekar at det framleis er eit høgare usikkerheitsnivå enn normalt, både når det gjeld nye smitteutbrot av covid-19 og korleis økonomien vil komme seg etter krisa.

– Mange har snudd seg raskt

Renteinntektene til storbanken i andre kvartal enda på 9,45 milliardar kroner, noko som var ein nedgang på 130 millionar kroner frå same kvartal i fjor. Tapet her vart vege opp av at andre inntekter var høgare, mellom anna hadde meglarhuset DNB Markets eit godt kvartal, det hadde òg eigedomsmekling.

Konsernsjef Braathen seier ho er imponert over tilpassingsevna til næringslivet under koronakrisa.

– Heldigvis har mange bransjar fått hjula til å snu seg raskare igjen enn vi trudde. I ei undersøking av bedriftskundane våre uttalte to av tre selskap at dei no opererer som normalt. For tre månader sidan, dreiv 60 prosent av dei anten reduserte operasjonar eller var heilt stengt, seier ho.

(©NPK)

DNB la mandag fram resultatet sitt for andre kvartal 2020. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix / NPK

Konsernsjef Kjerstin R. Braathen i DNB la måndag fram kvartalsrapport for andre kvartal.
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix/ NPK