Annonse

DNB-sjef Kjerstin Braathen vil ikkje sjå bort frå at banken er misbrukt

DNB-sjef Kjerstin Braathen omtaler for første gong kvitvaskingssaka på Island. Ho kallar saka alvorleg.

Annonse

- Saka er alvorleg, og vi kan ikkje sjå bort frå at vi har vorte misbrukte, seier ho til Dagens Næringsliv.

Kjerstin Braathen (49) tok over sjefsstolen i DNB etter Rune Bjerke i september.

Islands største fiskeriselskap Samherji - ein viktig kunde av DNB i utlandet - er involvert i ei alvorleg sak om påstått korrupsjon og kvitvasking. Selskapet skal ha brukt DNB for å overføre rundt 640 millionar kroner til skalselskap i skatteparadiset Marshalløyane, og muta tenestemenn i Namibia for å få fiskekvotar.

Braathen erkjenner at saka er alvorleg både for kunden og banken.

- Eg er opptatt av at dette er klagar knytt til eit fiskeselskap på Island. Det er ikkje hyggeleg når kundar av DNB blir skulda for å vere involvert i kriminalitet. Det vi kan gjere, er å få fram informasjon som kastar lys på saka.

Det er ukjent kor mykje av pengane slusa gjennom DNB som kan knytast til mogleg kvitvasking og potensielle muter.

- Etterforsking er ei oppgåve for politiet, seier Braathen.

Saka er ifølgje Dagens Næringsliv den største i sitt slag nokosinne som involver ein norsk bank.

(©NPK)

Konsernsjef Kjerstin Braathen i DNB erkjenner at saka er alvorleg både for kunden og banken. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix