DNB trur ikkje Noregs Bank vil setje opp renta trass i høgare inflasjon

Sjølv om prisveksten er over inflasjonsmålet på 2 prosent, trur ikkje DNB Markets at Noregs Bank aukar renta. Årsaka er uro i marknadane grunna koronaepidemien.

Fredag kom dei norske inflasjonstala. Frå juni 2019 til juni 2020 gjekk konsumprisindeksen (KPI) opp 1,4 prosent, og den steig 0,2 prosent frå mai til juni 2020.

Kjerneinflasjonen (KPI-JAE) auka med 0,4 prosent frå mai til juni. Tolvmånadersveksten var 3,1 prosent i juni 2020, opp 0,1 prosentpoeng frå mai 2020. Noregs Bank hadde på førehand anslått 3,2 prosent, medan analytikarar i DNB spådde 3 prosent.

Når kjerneinflasjonen er over målet, ville det i ein normalsituasjon vore naturleg å tenkje at Noregs Bank skulle setje opp renta, melder DNB Markets i ei pressemelding. Det blir likevel presisert at denne våren har vore annleis – sett i lys av uroa i marknadane som følgje av koronaepidemien.

– Vi trur ikkje Noregs Bank vil reagere på den høge prisveksten, sjølv om kjerneinflasjonen no er relativt høg samanlikna inflasjonsmålet deira på 2 prosent, heiter det i pressemeldinga.

– I tillegg har økonomien vore gjennom ein aktivitetsstans som tilseier at ein treng låge renter for å stimulere til aktivitet på kort sikt, står det vidare.

I juni vart styringsrenta verande uendra på null prosent, som forventa. Renta vart sett til 0 prosent for første gong i historia 7. mai, og allereie då varsla sentralbanksjefen at den kan bli verande på det nivået fram til 2023. Neste rentemøte er 20. august.

(©NPK)

DNB trur ikkje Noregs Bank vil sette opp renta trass i høgare inflasjon. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix / NPK