Annonse

Dødsfall og trafikkaos i tysk uvêr

Ein kraftig storm skapte trafikale problem og skadde bygningar sørvest i Tyskland søndag. Ein person er død, mens ein 4 år gammal gut er alvorleg skadd.

På flyplassen i Frankfurt vart fleire flygingar innstilt søndag kveld, mens alle passasjerar har fått beskjed om å forvente forseinkingar og kansellerte avgangar.

I tillegg er fleire vegar sør i Tyskland stengde som følgje av farlege køyreforhold.

Tyske styresmakter varsla om stormen Fabienne omkring klokka 17.20 søndag, då mange tyskarar var på tradisjonelle oktoberfest-feiringar. Fleire av dei kom seinare heim til mørke hus, ettersom titusenvis av husstandar vart ramma av straumbrot. Det er også rapportert om skadar på fleire hus.

Ei 78 år gammal kvinne er bekrefta omkommen etter at ho vart treft av eit tre som bles over ende på ein campingplass i byen Bamberg. I byen Epfenbach small eit tre ned over ein bil med fire personar. Ein 4 år gammal gut blir omtalt som alvorleg skadd, mens tre familiemedlemmer slapp unna utan fysiske skader.

(©NPK)