ANNONSE
Annonse

Dømd trenar ankar ikkje overgrepsdom

Den tidlegare fotballtrenaren i Lyngdal har bestemt seg for ikkje å anke dommen på to og eit halvt års fengsel. Dermed blir dommen ståande.

– Belastninga med ny ventetid og ny rettssak er for stor, seier forsvararen til mannen, advokat Olav Sylte, til Lister24.

Mannen i 20-åra vart i byrjinga av juni dømd til to og eit halvt års fengsel mellom anna for to tilfelle av seksuell omgang med barn mellom 14 og 16 år og fire tilfelle av seksuelle handlingar med barn under 16 år. Straffa var i tråd med aktors påstand.

Mannen har sidan han vart arrestert i august 2020 nekta for å ha gjort noko straffbart.

(©NPK)

Dommen mot den overgrepsdømte fotballtrenaren frå Lyngdal blir ståande. Foto: Tor Erik Schrøder / NTB

ANNONSE
Annonse