Annonse

Dommar: Over ti år gamle dommar blir normalt ikkje lagde vekt på

Meir enn ti år gamle dommar blir normalt ikkje lagde vekt på i ei rettssak, ifølgje dommar Ina Strømstad. Ho uttaler seg generelt, ikkje spesielt om Bertheussen-saka.

Laila Bertheussen, som er sambuar med tidlegare justisminister Tor Mikkel Wara (Frp), er sikta av Politiets tryggingsteneste (PST) for å ha tent på parets eigen bil ved bustaden deira i Oslo i mars i år.

Onsdag denne veka skreiv Filter Nyheter at Bertheussen tidlegare er dømt for bedrageri, tjuveri og dokumentfalsk. Ifølgje opplysningane avisa har, sona ho ein dom på 30 dagars fengsel i Bredtveit fengsel i Oslo i byrjinga av 1986. I to andre saker fekk ho vilkårsdommar.

Dommane fall i tidsrommet mellom 1982 og 1989.

Jo eldre, jo mindre vekt

Tidlegare avgjerder kan takast med inn i vurderinga av skuldspørsmålet, oftast for å kaste lys på eventuell modus, fortel Ina Strømstad i dommarane si mediegruppe til Dagbladet.

- Det er opp til retten å vurdere kva vekt det har. Jo eldre - eller jo fjernare dei er frå det forholdet som no blir behandla - desto mindre vekt vil tidlegare dommar ha. Avgjerande bevis for skuldspørsmålet har tidlegare domfellingar ikkje, seier Strømstad.

Ho understrekar at ho uttaler seg på generell basis.

Ifølgje Ina Strømstad kan tidlegare avgjerder ha noko å seie for straffa, men det skal normalt ikkje bli lagt vekt på dommane når dei er meir enn ti år gamle.

Forsvarar reagerer

Forsvarar John Christian Elden reagerte på at opplysningane om dei tidlegare dommane kjem fram no.

- Det verkar som eit forsøk på å sverte henne i media og har ingen relevans for faktum i denne saka, sa Elden til NTB.

Tor Mikkel Wara gjekk av som justisminister då det vart kjent at sambuaren var sikta i éi av sakene. Ho fekk òg status som mistenkt i saker knytt til fleire hendingar ved bustaden til paret. Bertheussen erkjenner ikkje straffskuld.

(©NPK)

Ina Strømstad er dommar i Oslo tingrett og sit i dommarane si mediegruppe. Her er ho under eit fengslingsmøte i 2014. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix