Annonse

Dommarsjefen vedgår feil – Brann leverte inn klage på gult kort

Norges Fotballforbunds dommarsjef Terje Hauge stadfestar to feil i eliteseriekampen mellom Brann og Sandefjord søndag. Brann har levert inn protest.

Brann-målvakt Ali Ahamada fekk gult kort då han ifølgje Dommer Rohit Saggi forlét streken for tidleg i samband med eit straffespark.

– Keeper fekk gult kort, men etter nye reglar frå 1. juni skal det først gjevast tilsnakk, seier dommarsjef Hauge til NRK.

Han vil ikkje konkludere med at det var gale å la Sandefjord ta straffa på nytt, men innrømmer at Branns Daouda Bamba skulle hatt eit mål godkjent. Ved det høvet vart det vinka for offside.

– Eg har ikkje sett gode nok biletbevis enno til å seie at det var feil å ta straffa om igjen. Også skåringa var openbert feilaktig annullert, seier Hauge til statskanalen.

Det gule kortet til målvakt Ahamada skulle altså ikkje vorte tildelt, og Brann melder måndag at dei vil klage på avgjerda.

– Dette er ein formell feil og derfor har vi levert ein protest for å få stroke det gule kortet til Ali (Ahamada), seier Branns sportssjef Rune Soltvedt i ei fråsegn på nettstaden til klubben.

(©NPK)

Branns keeper Ali Ahamada fekk eit feilaktig gult kort i Branns kamp mot Sandefjord. No klagar bergensarane på avgjerda. Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix