Dopingdømde Dürr gjer comeback i Sverige

(NPK-NTB): Den austerrikske langrennsløparen Johannes Dürr testa positivt på EPO for to år sidan. Til helga gjer han internasjonalt comeback i Sverige, skriv Expressen.

29-åringen planlegg å stille opp i Nordenskiöldsloppet i Jokkmokk.

– Det er tragisk, melder langløparen Jerry Ahrlin.

Dürr slo igjennom i Tour de Ski sesongen 2013/14. Då tok han 3.-plassen og utklassa konkurrentane opp Alpe Cermis på den avsluttande etappen.

Midt under OL i Sotsji kom beskjeden om at han hadde testa positivt på EPO og han vart utestengt til 25. februar 2016.

– Det er heilt forferdeleg at ein kan komme tilbake så fort etter eit slikt grovt dopingbrot, seier den svenske landslagsløparen Emil Jönsson.

John Kristian Dahl og brørne Anders og Jørgen Aukland er blant dei norske utøvarane som er påmelde i Jokkmokk. (©NPK)

Annonse