Klargjør siden...
Annonse

Dopinglaboratoriet i Rio har mista WADA-godkjenninga

(NPK-NTB-AP): Verdens antidopingbyrå (WADA) gjekk til det oppsiktsvekkjande steget å inndra akkrediteringa til laboratoriet i Rio de Janeiro fredag.

Dette skjer berre fem veker før OL startar i Brasil. At laboratoriet er suspendert betyr at det ikkje kan utføre testar med tanke på å avsløre dopingsyndarar.

«Det er avvik frå den internasjonale standarden for laboratorium av denne typen som er grunnen til at godkjenninga er trekt tilbake», heiter det i ei pressemelding frå WADA. Ingen fleire detaljar eller forklaringar følgjer opplysningane.

Det nytilsette direktøren i WADA, Olivier Niggli seier i ein kommentar at WADA er innstilt på å jobbe tett med laboratoriet i Rio for å løyse saka som har dukka opp, og som altså ser ut til å vere så alvorleg at WADA ikkje tillét OL-laboratoriet å behalde godkjenninga si. (©NPK)

Annonse