Dramatiske detaljar frå grotte-redninga i Thailand

Fotballgutane som var fanga inne i grotta i Thailand, «sov» då dei blei redda ut, fortel ein av dykkarane. Fleire dramatiske detaljar kjem no fram.

Thailand og resten av verda er prega av stor glede over at dei tolv fotballgutane og trenaren deira blei redda ut av Tham Luang Nang Non-grotten heilt nord i Thailand, som var delvis sett under vatn, tidlegare denne veka.

No kjem det også stadig fleire detaljar om dramaet. Mellom anna fortel ein av dykkarane, kommandør Chaiyananta Peeranarong, at gutane «sov» under transporten.

- Nokre av dei sov, andre bevegde omtåka på fingrane, men alle pusta, fortel dykkaren til nyheitsbyrået AFP.

Tidlegare har det kome fram at gutane var lettare medisinsk bedøvd eller at dei hadde fått lettare roande middel slik at dei ikkje skulle få panikk under operasjonen. Men styresmaktene har nekta for at gutane var heilt utslått av legemiddel. No fortel altså Peeranarong at gutane sov, eller nesten sov.

Legar på plass

Det var legar utplasserte langs den mørke grotta for å sjekka helsetilstanden og pulsen til gutane under den farefulle ferda.

- Gutane låg på bårer, og jobben min var å frakta dei ut, fortel Peeranarong.

Fotballgutane, som var i alderen 11-26 år, hadde ingen dykkarerfaring. Dødsfallet til den erfarne dykkaren frå Navy Seal, som hadde hjelpt til med å få på plass oksygentankar inne i grotta, streka under kor farleg situasjonen var.

Thailand hadde bede dei beste dykkarane i verda om hjelp, ein av dei var den australske dykkaren og anestesiologen Richard «Harry» Harris.

Sjefen for redningsoperasjonen, Narongsak Osottanakorn, sa onsdag at operasjonen ikkje hadde vore mogleg utan dei unike kunnskapane som Harris tilførte, utan å konkretisera kva desse dreidde seg om.

Utruleg tøffe gutar

Gutane som overlevde grottedramaet i Thailand var utruleg tøffe, meiner ein av dei andre dykkarane som var med i redningsoperasjonen, 32 år gamle Derek Anderson.

Han meiner det var svært viktig at fotballtrenaren og gutane heldt saman og bestemte seg for å vera sterke og for at dei ville overleva.

Sjølve redningsoperasjonen blei uhyggjeleg mykje meir komplisert enn det dykkarane hadde førestilt seg, fortel han i eit intervju med AP.

Det at det ikkje tok til å regne kraftig og at styresmaktene fekk pumpa ut mykje vatn frå grotta, var det som gjorde redninga mogleg.

Trente i symjebasseng

Dykkarane trente på redninga i eit symjebasseng. Dei trente med lokale gutar som hadde tilnærma lik vekt og storleik som gutane inne i holene.

- Målet var å frakta gutane så tett «samanpakka» som mogleg, slik at dykkarane kunne ha god kontroll på dei, og tilpassa lufttilførselen om nødvendig.

Hundre personar

Enkelte passasjar i grotta var ikkje større enn at ein vaksen person så vidt kunne ta seg gjennom.

- Det var over hundre personar inne i grotta under kvar enkelt redningsaksjon, fortel Anderson. Kvar gut fekk hjelp av eit titals personar under den farefulle ferda. I tronge passasjar blei gutane ført av stad av to dykkarar, i dei ekstra tronge passasjane var dei berre knytt til ein dykkar. I holer med luftlommer blei dei ført av stad med støtte av fire redningsmenn.

- Vi måtte setja opp eit tausystem for å vera i stand til å tryggja gutane, som blei frakta i sele.

Gutane hadde også spesialmasker som gav ekstra tryggleik.

- Desse maskene var viktige, for dersom ein gut fekk vatn i maska, ville vatnet bli pressa ut igjen.

Det var i siste liten gutane og laget blei redda ut. Berre timar etter at dei siste var henta ut tysdag kveld, svikta pumpene som i over ei veke hadde arbeidd med å pumpa vatn ut av grotta.

(©NPK)



Her blir det vist bilete av nokre av gutane frå grottedramaet i Thailand på ein pressekonferanse. Dei var truleg sterkt bedøvde då dei blei frakta ut av grotta. Foto: AP / NTB scanpix



Detaljane frå den farefulle redningsoperasjonen i grotta i Thailand tek no til å leka ut. Den amerikanske sersjanten Derek Anderson, som var med i operasjonen, fortel om utfordringane med å redda ut gutane med null sikt. (AP Photo/Vincent Thian)

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...