Annonse

Drammen mot Reinkinds Kiel i EHF-cupen

Den tyske storklubben Kiel blir Drammens neste motstandar i kvalifiseringa til EHF-cupen i handball for menn.

Annonse

Kiel kom opp som motstandar då trekninga av den 3. og siste kvalifiseringsrunden blei gjennomført av Det europeiske handballforbundet (EHF) tysdag.

Drammen var einaste norske lag i trekninga, og Kristian Kjellings mannskap skal altså prøve å stoppe landslagsprofilen Harald Reinkind og lagkameratane hans i Kiel.

Det blir inga enkel oppgåve.

Kampane skal spelast 17.-18. og 24.-25. november. Drammen har heimekamp til slutt.

(©NPK)

Kristian Kjelling og Drammen fekk ei vrien oppgåve i EHF-cupen. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix