Drapssikta nektar å forklare seg for politiet etter drap i Bergen

Mannen som er sikta for å ha drepe ein mann på 23 år i Bergen i romjula, nektar å forklare seg for politiet.

Det var 28. desember at ein mann vart funnen hardt skadd i ei leilegheit i Løvstakkveien i Bergen. 23-åringen vart erklært død ved framkomsten til sjukehuset.

Ein mann i 20-åra sit varetektsfengsla, sikta for drap. Men han har enno ikkje vilja snakke med politiet, skriv Bergensavisen.

– Han har sagt at han ikkje vil forklare seg på noverande tidspunkt. Vi prøver å få til eit avhøyr i dialog med forsvararen, men det har ikkje late seg gjere, seier politiadvokat Sven Arne Dahl-Michelsen til avisa.

Ein tredje mann som også var i den aktuelle leilegheita, vart først arrestert, sikta for medverknad til drap. Han vart likevel lauslaten dagen etter at mistanken vart svekt.

(©NPK)