Annonse

Drapssikta nordmann er etterlyst internasjonalt

Nordmannen i 50-åra som er sikta for å ha drepe ein britisk mann i Phuket i Thailand, er etterlyst internasjonalt.

Det er politiet i Thailand som har bedt Interpol om bistand til å finne den etterlyste nordmannen. No er han etterlyst i 188 land, skriv TV 2.

Han risikerer 15 års fengsel dersom han blir funnen skuldig

Nordmannen og sambuaren hans drog på ferie til Phuket i august. To dagar før dei skulle reise heim, kom han i krangel med ein britisk statsborgar i 30-åra som budde på naborommet på hotellet med kona si og den to år gamle sonen deira.

Krangelen oppstod etter at briten klaga på bråk frå nordmannen ved halv fire tida om morgonen, ifølgje politidokumenta. Nordmannen har erkjent at han under basketaket kvelte mannen i 30-åra, men meiner det skjedde i nødverje.

Mannen vart arrestert og sett i varetekt, men vart seinare lauslaten mot kausjon på 60.000 kroner. Han har no rømt frå straffeforfølging fordi han er redd for å hamne i fengsel i Thailand. Samtidig arbeider advokatane hans med å betale han ut av saka.

(©NPK)