Annonse

Drillo: – Ein bortimot fullkommen fotballspelar

Tidlegare landslagstrenar Egil «Drillo» Olsen meiner Diego Maradona var ein bortimot fullkommen fotballspelar med spisskompetanse på omtrent alt.

Annonse

– Det er veldig trist at folk døyr såpass unge. Eg har møtt han fleire gonger, og eg er jo så gammal at eg òg hugsar han som spelar. Ein snakkar om at mange fotballspelarar har spisskompetanse på eit område, men Maradona hadde det på fleire område. Han var ein bortimot fullkommen fotballspelar, seier Drillo til NTB.

– Han var god på avslutningar, god som driblar, ein legg til rette og ein strateg, seier Drillo.

Drillo hugsar mellom anna ein five-a-side-oppvisningskamp som vart halden i Oslo Spektrum i 2006 mellom Noreg og Argentina.

– Eg møtte han i garderoben, og han var både ein omgjengeleg og hyggjeleg fyr, men noko uryddig. Han hadde jo ein ganske uryddig livsstil, seier han.

Han er heller ikkje i tvil om at Diego Maradona så absolutt er oppe blant dei tre–fire namna som bør nemnast når ein snakkar om tidenes beste fotballspelarar.

– Å samanlikne han med til dømes Pelé synest eg ikkje blir heilt riktig, men at han var i den klassen er det ingen tvil om, avsluttar Olsen.

(©NPK)

Egil «Drillo» Olsen hyllar avdøde Diego Maradona. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB