Dronninga opna japanskinspirert utstilling

(NPK-NTB): Dronning Sonja var til stades under opninga av utstillinga «Japanomania» i Nasjonalgalleriet i Oslo torsdag.

Utstillinga tar for seg korleis den japanske kunsten påverka nordisk kunst og design omkring 1900.

Utstillinga er delt i to. Den eine delen er lagt til Kunstindustrimuseet og har hovudvekta på design, den andre blir vist i Nasjonalgalleriet og har hovudvekta på biletkunst. (©NPK)