Annonse

Drosjenæringa får nye krav – utval skal vurdere næringa

Regjeringa er i ferd med å reversere endringane Solberg-regjeringa gjorde i drosjenæringa. Men først skal eit utval gjere ei heilskapleg vurdering av næringa.

Solberg-regjeringa innførte hausten 2020 fleire liberaliseringar for drosjenæringa. Mellom anna vart taket for kor mange løyve som kan tildelast i eitt fylke fjerna. Det betyr at alle som oppfyller eit sett med objektive vilkår vil få tildelt løyve. Kravet om å tilhøyre ein drosjesentral vart også fjerna.

Nokre av desse endringane er Støre-regjeringa no i gang med å reversere – og fleire forslag vart tidlegare i år sendt ut på høyring.

– Samtidig må vi sjå på dei langsiktige utfordringane, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) i ei pressemelding.

– Det er i dag mange og svært ulike syn på korleis eit slikt regelverk bør vere. Eg ønskjer å sikre føreseielegheit og unngå behov for hyppige og omfattande regelendringar, seier Nygård.

Regjeringa har derfor sett ned eit utval som skal gjere ei heilskapleg vurdering av drosjenæringa. Utvalet skal bli leia av Hans Petter Graver, professor ved juridiske fakultet på Universitetet i Oslo.

– Ein viktig del av arbeidet vil vere å vurdere korleis vi kan få ei betre drosjenæring som gir eit godt tilbod til kundar over heile landet, utan at dette er i strid med EØS-avtalen, seier samferdselsministeren.

(©NPK)

Regjeringa har sett ned eit utval som skal gjere ei heilskapleg vurdering av drosjenæringa. Foto: Torstein Bøe / NTB