Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-AFP): Filippinanes påtroppande president Rodrigo Duterte vil reise på besøk til Vatikanet for å gi ei personleg unnskyldning til paven etter å kalla han «son av ei hore».
npk@npk.no
Publisert: 12.05.2016 kl 07:28
– Han har fleire gonger sagt at han ønskjer å besøkje Vatikanet uansett om han skulle vinne eller tape. Ikkje berre for å hylle paven, men han treng verkeleg å forklare seg for paven og be om unnskyldning, seier Peter Lavina, Dutertes talsmann, til journalistar i Davao.
Duterte, som i ei årrekkje har vore ordførar i Davao, vann presidentvalet på Filippinane måndag, etter ein valkamp der han har langa ut mot autoritetar.
I talen der han kunngjorde at han ville prøve å bli president, skulda Duterte pave Frans for å forårsake trafikkork i Manila då han besøkte det hovudsakleg katolske landet i fjor.
– Det tok oss fem timar å komme frå hotellet til flyplassen. Eg spurde kven som skulle komme. Dei sa det var paven. Eg ville ringe han å seie: Pave, son av ei hore, dra heim. Ikkje besøk oss meir, sa Duterte i talen.
Katolske leiarar på Filippinane fordømde Dutertes kommentarar, men det hadde liten innverknad på populariteten til den kontroversielle ordføraren. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.