Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB-TT): Årets første svenske hummar er seld for 20.000 kroner på auksjon i Göteborg.
npk@npk.no
Publisert: 27.09.2016 kl 13:05
Auksjonen blei gjennomført eitt døgn etter at hummarfisket på den svenske vestkysten hadde starta.
Tre andre hummarar med ei samla vekt på 1,7 kilo blei også selde på auksjonen. Hohummaren som blei seld for 20.000 kroner vog 0,96 kilo.
Prisane på den første hummarfangsten for sesongen kan variere mykje frå år til år. I 2009 var kiloprisen på ein dryg tusenlapp. Tre år seinare nådde ein rekordbeløpet 102.000 kroner kiloet. I fjor var prisen nede på 10.400 kroner per kilo. (©NPK)