Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Dyrevernorganisasjonen Anima utlovar 500 000 kroner til ein bonde som vil vise fram dei konvensjonelle kyllingane sine for offentlegheita.
uvakt@ntb.no/sveinung.engeland@npk.no
Publisert: 28.02.2022 kl 07:06
Dusøren er ledd i ein større annonsekampanje for å få daglegvareselskapet Coop til å fjerne turbokyllingar frå butikkhyllene, skriv organisasjonen i ei pressemelding.
Såkalla «turbokyllingar» er hurtigveksande kyllingar som blir avla for å vekse seg store på kort tid.
Rema 1000, Joe and the Juice, 7-eleven og Narvesen har slutta å selje og nytte slike kyllingar, og Norgesgruppen har teke steg i den retninga, men Coop skal ikkje ha nokon planar om dette.
Utspelet kjem etter at Coop har avvist å la Anima dokumentere forholda på gardsbruka der «turbokyllingane» deira lever.
Anima ønskjer å finne ein bonde som vil la dei dokumentere forholda i ein konvensjonell kyllinghall ved å montere kamera i kyllinghallen og invitere journalistar til å komme inn og sjå forholda.
Organisasjonen Dyrevernalliansen overleverte tidlegare denne månaden Coop over 10.000 underskrifter som ber kjeda slutte å selje slike kyllingar.
Coop har tidlegare avvist overfor NRK at dei ikkje tek dyrevelferd på alvor og vist til at kundar kan velje mellom kva slags kyllingar dei vil kjøpe i butikkane deira.
(©NPK)
Coop har avvist å la dyrevernorganisasjonen Anima dokumentere forholda på gardsbruka som leverer kyllingane dei sel. Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK
Artikkelen fortsetter etter annonsen.