Annonse

Dyrt kol gir høge straumprisar trass masse regn

Det hjelpte ikkje med store mengder regn i august og september. Høge prisar på kol og gass og ein nesten rekordtørr sommar set preg på straumrekninga.

Annonse

Dei norske kraftprisane for tredje kvartal er 85 prosent høgare enn prisane i den same perioden i fjor. For Norden under eitt er det rekord, her er prisane dei høgaste på 20 år.

Juli i år var den tørraste månaden sidan målingane starta i 1900 . Det vart dermed veldig lite vann til kraftmagasina.

- Vassmangelen var så stor at forventinga til dei nordiske kraftprisane gjennom vinteren på eit tidspunkt låg over det forventa nivået på tyske kraftprisar. Dette ville ført til netto import i Norden frå Tyskland gjennom vinteren, seier seksjonssjef Vegard Willumsen i NVE.

Samtidig har kolprisen vore på det høgaste på fem år. Prisen på CO2 var òg tredobla samanlikna med i fjor.

Prisane fall kraftig mot slutten av kvartalet etter at både august og september baud på rekordmykje regn og magasina vart fylte opp. Likevel er det ikkje nok for å få kvartalssnittet ned på nivået i fjor.

Vi kjem ikkje unna prispåverknad frå kontinentet, der det enno er høge kol-, gass- og CO2-prisar. Kraftprisen i vinter ser likevel ut til å bli lågare enn det vi frykta tidlegare i sommar, seier Willumsen.

(©NPK)

- Tørken er over, og vinterprisane på kraft ser ut til å bli lågare enn det vi frykta i juli, sier seksjonssjef Vegard Willumsen i NVE.
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix