Annonse

Egypt bombar islamistar i det nordlege Sinai

Egyptiske militærstyresmakter har sett i gang ein bombeoffensiv mot militante islamistar nord på Sinai-halvøya. Minst 20 er drepne så langt, heiter det.

Annonse

Fly frå det egyptiske luftforsvaret bomba fredag over hundre stillingar rundt byen El-Arish og landsbyen Bir al-Abd, opplyser egyptiske tenestemenn.

Aksjonen mot dei militante gruppene kjem etter at ein sjølvmordsbombar torsdag tok livet av to personar i byen Sheikh Zuweid, også nord på Sinai.

Tidlegare i veka likviderte opprørarar fire personar ved halshogging og bortførte ein femte person ved byen Bir al-Abd. Dei fem vart skulda for å samarbeide med tryggingsstyresmaktene.

IS har tatt på seg ansvaret for desse to angrepa.

(©NPK)