Egypts tidlegare president Hosni Mubarak er død

Egypts tidlegare president Hosni Mubarak er død, 91 år gammal, melder egyptiske medium.

Mubarak var president i landet frå 1981 til 2011, då han vart avsett og fengsla som følgje av massedemonstrasjonane under den arabiske våren.

Mubarak, som vart fødd i 1928, var utdanna ved det egyptiske militærakademiet og tenestegjorde som offiser i flyvåpenet. I 1972 vart han sjef for Egypts luftvåpen og viseforsvarsminister, og tre år seinare rykte han opp og vart visepresident i landet.

Då president Anwar Sadat vart drepen i 1981, vart Mubarak Egypts leiar. Han var kjent som ein alliert av USA, ein markert motstandar av militant islam og forkjempar for eit fredeleg forhold til Israel.

Dei mange som demonstrerte i 2011 såg han likevel først og fremst som ein brutal, autoritær skikkelse som høyrde fortida til.

Etter at han vart avsett, vart Mubarak dømt til fengsel for medverknad til drap på hundrevis av demonstrantar på Tahrir-plassen i Kairo, men vart seinare frikjent.

(©NPK)