Annonse

Ein av tre FN-tilsette utsett for seksuell trakassering

Kvar tredje FN-tilsett har vorte utsett for seksuell trakassering dei siste to åra, ifølgje ei spørjeundersøking.

Annonse

Heile 38 prosent svarer at dei har vorte utsette for seksuell trakassering som tilsette i FN, viser undersøkinga som konsulentfirmaet Deloitte har gjennomført for FN. Dei fleste seier at trakasseringa går ut på støytande seksuelle historier og vitsar eller støytande kommentarar om utsjånad eller seksuelle aktivitetar.

- Vi har ein lang veg å gå, seier FNs generalsekretær António Guterres.

To av tre av dei som trakasserte, var menn, ein av fire var mellomleiarar eller leiarar, mens ein av ti var toppsjefar, ifølgje undersøkinga.

Ein relativt liten del på 17 prosent av dei tilsette i FN svarte på spørjeundersøkinga, noko som vil seie 30.364 personar.

Guterres har i eit brev til dei tilsette skrive at førekomsten av seksuell trakassering er samanliknbar med andre organisasjonar, men at FN, som ein forkjempar for likestilling, verdigheit og menneskerettar, må setje ein høgare standard.

Han har derfor lova å innføre retningslinjer om nulltoleranse for seksuell trakassering.

I februar opna FN ei døgnopen hjelpelinje der dei tilsette kan melde inn seksuell trakassering, og FN-etterforskarar skal sjå på alle skuldingane.

Leiar Michel Sidibé for FNs AIDSprogram (UNAIDS) kunngjorde i desember at han vil slutte i stillinga si etter at ein gjennomgang av leiarstilen hans viste at han har gjort det mogleg med ein kultur der tilsette blir trakassert, òg seksuelt.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: Timo Jaakonaho / Lehtikuva / STT / NTB scanpix