Klargjør siden...

Ein av tre oljearbeidarar har dårlege helikopter-opplevingar

(NPK-NTB): Kvar tredje oljearbeidar på norsk sokkel oppgir å ha hatt uønskte opplevingar i helikopter på veg til og frå jobb. 70 prosent vil om mogleg reservere seg mot å fly Super Puma.

Tala kjem fram i ei undersøking utført for Bergens Tidende og fagforbundet Industri Energi. I tillegg til uønskte hendingar, seier nærare halvparten at dei har opplevd frykt eller ubehag ved turane.

Lynnedslag, fall i lufta, returar på grunn av varsellamper, losna metallspon og dører som har falle av, er blant hendingane som er rapporterte.

Helikopteret som styrta på Turøy 29. april, var ein Super Puma av modellen EC225, Havarikommisjonen har klassifisert ulykka som ei teknisk ulykke. Dei som har floge med denne typen helikopter har generelt svart meir negativt enn andre. Om mogleg, kunne 70 prosent av dei som vart spurde tenkt seg å reservere seg mot å fly med Super Puma.

Sikorskys S-92 er helikopteret som får mest positiv tilbakemelding frå dei spurde. Samtidig svarar 94 prosent at dei har stor eller svært stor tillit til pilotane.

Undersøkinga er utført i juni blant fagforbundet Industri Energis medlemmer i oljenæringa som har floge dei siste 12 månadane. Resultata er rekna ut basert på svar frå 3.445 personar. (©NPK)

Annonse