Ein fjerde er død etter Strasbourg- angrepet

Ein fjerde person er død etter å ha vorte skoten i angrepet mot julemarknaden i Strasbourg tysdag, opplyser fransk påtalemakt.

Dermed har talet på drepne stige frå tre til fire menneske, melder Sky News, og viser til ei utsegn frå fransk påtalemakt i Paris.

Det er uklart om den fjerde personen er identisk med offeret som er erklært hjernedød, eller om det dreier seg om nokon av dei andre tolv som vart såra.

Den 29 år gamle mistenkte Strasbourg- gjerningsmannen Chérif Chekatt vart skoten og drepen av fransk politi i bydelen Neudorf torsdag.

(©NPK)

Fire personar er drepne etter angrepet i Strasbourg. Foto: AP / NTB scanpix