Eit sommarvarmt farvel med Senterpartiets Johan J. Jakobsen

Eit stort kapittel i Senterpartiets historie blei lukka då eit sommarprega Noreg tok eit varmt farvel med Sps tidlegare partileiar Johan J. Jakobsen.

Sola viste seg igjen frå nesten skyfri himmel og skapte ei lys og varm ramme om seremonien i Haslum krematorium, store kapell i Bærum. Den tidlegare Sp-leiaren kunne sjølv kanskje ha tenkt seg kraftig regn for å avhjelpe den øydeleggjande tørken for bøndene rundt om i Noreg.

For Johan J. Jakobsens familie var seremonien i Haslum krematorium først og fremst eit personleg farvel med ein kjær ektefelle, kjær far, svigerfar, farfar og morfar. Den siste delen av gravferda, sjølve jordfestinga på Steinsskogen gravlund, ønskte familien å halde heilt privat.

Stor takksemd

Senterpartiets noverande leiar Trygve Slagsvold Vedum og parlamentariske leiar Marit Arnstad uttrykkjer stor takksemd til den tidlegare leiaren.

- Det var ikkje berre eit stort kapittel i Senterpartiets historie som vart lukka då Johan J. Jakobsen sovna stille inn den 30. juni, 81 år gammal. Med bortgangen hans mista Noreg ein av 80-og 90-talets mest innflytelsesrike politikarar. Vi som fekk oppleve humøret hans og kor lun og raus han var, kjenner på eit stort sakn, understreka Arnstad, som heldt talen på vegner av Senterpartiet.

Også Gunnar Stålsett, Anne Enger og Johan Buttedal var til stades.

Laber interesse

Året var 1962 då Jakobsen melde seg inn i Senterpartiet.

- Den nyutdanna sivilagronomen på 25 var nygift, og skulle kombinere jobben som styrar på Felleskjøpet i Namsos med å vere gardbrukar på heimegarden Lønset i Nord-Trøndelag. Ifølgje han sjølv var den politiske interessa heller laber. Først då Johan følgde stortingsdebattane om Kings Bay-saka på TV vart den politiske gnisten tent. Med det skulle livet hans ta ein ny kurs, mintest Arnstad.

Hausten 1973 vart Johan for første gong valt inn på Stortinget. På nord-trøndelagsbenken vart han sitjande fram til 2001. Frå 1979 til 1991 var han også Senterpartiets leiar.

- Gjennom desse åra viste han seg gong på gong som ein lagspelar og ein samarbeidsmann. Han var arkitekten bak mange av kompromissa som vart gjort på 80- og 90-talet. Han tok initiativ til at Senterpartiet og KrF gjekk inn i regjering med Høgre i 1983, og vart samferdselsminister i denne regjeringa. Då Jan P. Syse danna samarbeidsregjering etter valet i 1989 vart Johan kommunalminister, fortalde Arnstad.

- For Jakobsen var Senterpartiet ei rørsle, han var opptatt av å ta heile landet i bruk. Som partileiar stabiliserte og manøvrerte han Senterpartiet i ein krevjande periode på 80-talet, samtidig som han bidrog til å leggje grunnlaget for framgangen midt på 90-talet. Vi er mange som skylder Johan J. Jakobsen ein stor takk, sa Arnstad.

Sette viktige spor

Kommunalminister Monica Mæland (H), som var til stades som representant for regjeringa, hylla også Jakobsen som ein stor politikar.

- Jakobsen vert hugsa som ein hardtarbeidande statsråd som sette seg grundig inn i alle saker. Han har sett viktige spor etter seg i lokalsamfunn og landsdelar, og han har gjort ein stor innsats for landet vårt, sa Mæland.

Ho takka familien for all tida Jakobsen brukte til beste for heile landet.

(©NPK)



Tidlegare Sp-leiar og statstråd Johan J. Jakobsen vart minna som ein stor politikar som var flink til å byggje alliansar, under gravferdsseremonien i Haslum krematorium, store kapell onsdag. Foto: Audun Braastad / NTB scanpix



Det var mange som uttrykte stor takknemlegheit over den tidlegare Sp-leder og statstråd Johan J. Jakobsens politiske innsats. Han var ein trygg og raus leiar, heitte det i minneorda i Haslum krematorium, store kapell. Foto: Audun Braastad / NTB scanpix

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...