Eitt nytt koronadødsfall

Talet på stadfesta koronadødsfall i Noreg har auka med eitt, til 236.

Det kjem fram av dagsrapporten frå Folkehelseinstituttet torsdag.

Gjennomsnittsalderen på dei døde er 82 år. I heile førre veke vart det rapportert om eitt koronarelatert dødsfall, og berre fem nye pasientar vart lagde inn på sjukehus, opplyste FHI i vekerapporten som dei publiserte onsdag.

(©NPK)