Annonse

Ekspertar åtvarar mot store badeleiker - kan ta deg til sjøs

Store badeleiker er svært populære blant nordmenn. No ber ekspertar foreldre vere på vakt ved bruken av dei flytande leikene, då dei kan drive til sjøs.

Annonse

Utvalet av badeleiker i sommar er stort og variert. I sjøen kan ein mellom anna observere flytande smultringar, einhjørningar, flamingoar og pizzastykke.

Men bruken av dei store badeleikene kan òg medføre ein betydeleg tryggingsrisiko, ifølgje ekspertar. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) rår foreldre til å vere på vakt, skriv Dagsavisen.

- Årsaka til at det blir stilt spesielle krav til sikkerheit og funksjonalitet for «ride-on-toys» er mellom anna at dei kan drive med vinden. Dette krev sjølvsagt større grad av aktsemd frå foreldre, og at barn bruker trygg redningsvest under leiken, seier fungerande avdelingsdirektør Ann Christin Olsen-Haines i DSB til avisa.

Ho understrekar òg at straumforhold i vatnet kan føre til at ein blir dratt ut til sjøs.

Det er ingen tvil om at trenden med badedyr og badeflåtar har auka betydeleg dei siste åra, og ikkje berre i Noreg. I fjor måtte den engelske kystvakta redde 15 personar som hadde drive langt til havs. Administrerande direktør i Nordic Toy Team, Gro Svendsen, stadfestar at populariteten er høg også i år.

- Produktutviklinga har auka vesentleg. Alle vart utselt under fjorårets heitesommar. I år har vi sendt ut rundt 78.000 badeleiker til butikkane våre og importert sju konteinarar med badesaker, seier ho til avisa.

(©NPK)

Store badeleiker er populære over heile verda. Bildet er tatt på Sijung Ho-stranda i Nord-Korea førre søndag. Foto: Vincent Yu / AP / NTB scanpix.