Ekspertar jaktar på avlyttingsutstyr på Stortinget

Ekspertar undersøkjer om ein spionsikta russar (51) har lagt att avlyttingsutstyr på Stortinget.

Ekspertar undersøkjer om ein spionsikta russar (51) har lagt att avlyttingsutstyr på Stortinget.

Det stadfestar Politiets tryggingsteneste (PST) overfor Aldrimer.no.

Tekniske ekspertar frå Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) hjelper PST med undersøkingane i Stortinget.

- Vi er i ei innleiande fase av etterforskinga. Då vil tekniske undersøkingar vere ein naturleg del. Vi snakkar også med menneske som har gjort observasjonar, seier seniorrådgjevar og PST-talsmann Martin Bernsen.

Det blir mellom anna sjekka om det er planta avlyttingsutstyr på Stortinget, stadfestar Berntsen overfor nettstaden.

- Denne type problemstillingar vil vere ein naturleg del av etterforskinga. Vi prøver jo å finne ut kva han har gjort på Stortinget, seier Berntsen.

I tillegg blir det prøvd avklart om 51-åringen kan ha prøvd å hacke eller klone mobiltelefonar til stortingsrepresentantar eller deltakarar på seminaret, eller andre former for teknisk avlytting.

51-åringen blei arrestert av PST på Gardermoen fredag ettermiddag etter å ha tatt del på eit seminar i Stortinget i regi av Det europeiske senter for parlamentarisk forsking og dokumentasjon (ECPRD).

ECPRD-seminaret fann stad i kinosalen i Stortinget. I tillegg skal 51-åringen ha bevegd seg ein del rundt i Stortinget. Det gjer det ytterlegare krevjande å få avklart nøyaktig kor omfattande dei tekniske undersøkingane må vere, ifølgje nettstaden.

Laurdag morgon blei mannen framstilt for Oslo tingrett og fengsla i to veker, med brev- og besøkskontroll.

(©NPK)

Det blir utført tekniske undersøkingar på Stortinget etter at ein russar blei sikta for spionasje i kjølvatnet av å ha teke del på eit ope seminar på Stortinget førre veke. Foto: Tore Meek / NTB scanpix